Eg tok meg sjølv i å tenkje for ei stund tilbake at eg likar egentleg ikkje hausten. Det blir berre mørkare og mørkare, og lufta blir berre kaldare og kaldare. Men haust kan vere så mykje meir, fann eg ut. Stålande sol eller tunge skyer. Iskalde snøbakkar eller varme fjellknausar. Fordi om det blir kaldare og mørkare, så er det noko fantastisk med at det ein dag kan være det eine, men så kan dagen etter være noko heilt anna. Eg fann ut at det er jo det som er noko av sjarmen med hausten, den er så uføreseieleg, og ein ser dei store gledene i dei små tinga.
Vest på sitt beste


to gode vener

Oslo haust i aust

Litt nord, og kulda er allereie på plass


Kraftige fargar og krefter litt sør






